Med tur/retur familiebillett kan du ta bana ein gong opp og ein gong ned same dag, med 2 vaksne og 3 barn. Ynskjer du billettar til fleire barn, kan dette leggjast til i neste steg.
Når du kjøper tur/retur familiebillett på nett kan du gå forbi billettkøen og gå rett til vendekorset/inngangen til gondol. Bruk strekkoden som du får på SMS og epost til å koma deg gjennom vendekors. Strekkoden er berre gyldig ein gong nede og ein gong oppe.
Billetten er gyldig for den dato du bestiller, ver merksam på våre opningstider.
Barn under 7 år reiser gratis med Voss Gondol og treng ikkje eigen billett.
-